Kvinnherad Fjelltrim | Kvinnherad Turlag | Ølve og Hatlestrand | Ænes og Mauranger | Rosendal og Løfallstrand
Omvikedalen | Varaldsøy | Uskedalen | Herøysund | Husnes | Nyttig informasjon


Valen

Kvinnherad Fjelltrim

Kvinnherad Fjelltrim
Kvinnherad Fjelltrim er eit samarbeids-prosjekt med lag/organisasjonar i kom-munen som driv fjelltrim.
Målsettinga er mellom anna å få til ein felles fjelltrim for kommunen, auka kjennskapen til bruk av turmål utover eige lokalområde og utarbeids fjelltrim-brosjyre. Laga vil gje tilbod om fellesturar og laga vil vedlikehalda løypenettet sitt. Alle løyper som er med i brosjyra skal vera godt merka.

Fjelltrimbrosjyre

Brosjyren er i hovudsak lagt opp slik at kvar bygd har fått si side med kart, rutebeskrivelsar, bilete og oversikt over turløyper.
Kartdelen er henta frå Statens Kartverk sitt turkart "Folgefonna, Hardanger" (målestokk 1: 100.000).

Prosjektgruppa
Bedriftidrettslaget Søral har på vegne av Kvinnherad Turlag og laga stått for prosjektet. Me vil takka bedriftene som har støtta arbeidet vårt økonomisk. Me vil og takka Atle Helland, fotodel og David Sande, lay-out/trykk for ein flott jobb.Ei stor takk til Trygve Hansen som har laga nettsidene for oss.
Prosjektet vert no overtatt av Kvinnherad Turlag, som mellom anna vil kontakta laga angåande premiering o.l.
Me håpar brosjyra og nettsidene er med på å inspirera mange til å besøka vår fantastiske fjellheim og me vil få ønska alle ein god tur.

Med helsing prosjektgruppa
Lars H. Skogtun
Geir Yven,
Knut Årthun og Bjørn Heimvik.
September 1999


Fonnabu

Desse laga er med på
Kvinnherad Fjelltrim

• Varaldsøy Idrettslag
• Ølve og Hatlestrand bygdelag
• Ænes og Mauranger
...bygdelag
• Løfallstrand bygdelag
• Rosendal turlag
• Omvikedalen Idrettslag
• Uskedalen Idrettslag
• Herøysundet Idrettslag
• I.L. Trio
• B.I.L. Søral


©Frå brosjyra Kvinnherad Fjelltrim •Sande & Far AS, 5451 VALEN • Foto: Atle Helland
• Kart Statens Kartverk Tillatelsenr: LAS82003-R67571
webmaster: Trygve Hansen, 5460 Husnes